– I fjor skulle eg laga ein nitrogenrakett, som eg skulle bruka på eit vitskapsshow. Då blandar du saman nitrogen og vatn i ei flaske, noko som gjer at den skal fly av garde. Men då eg gjorde dette, eksploderte den i handa mi, fortel Veronica.
Uhellet gjorde store skadar på tommelen til Veronica, og ho fortel at ho er redd for at den kanskje aldri kjem til å bli heilt som den var før ulukka.
Ho har lært seg at ho må vera meir forsiktig.
– Ein kan ikkje berre gjera eksperiment fordi det ser kult ut på ein YouTube-video. Det er veldig viktig å tenkja på konsekvensane.
Fysikken forklarer noko om alt som finst
Sjølv om ho fekk seg ein skrekk etter ulukka, er Veronica svært glad i jobben sin, og glad for at ho valde å bli fysikar.
– Då eg skulle bestemma meg for kva eg ville studera, ville eg finna eit studie som kunne forklara meg noko om alt som finst, seier ho.
Det var då ho bestemte seg for å studera fysikk. Det er vitskap om naturen, om korleis universet er bygd opp og korleis ulike fenomen som massar, energi og rørsler heng saman. No jobbar ho som vitskapsformidlar på vitensenteret ViteMeir i Sogndal.
- Les også: Lag ein papirrakett ala ViteVero
Held vitskapsshow for publikum
– Noko av det kjekkaste eg gjer er å halda vitskapsshow. Då viser eg fram kule eksperiment for dei som kjem på besøk, og forklarar vitskapen bak eksperimenta.
Ho fortel at vitskapsshowa er litt forskjellige etter kven som kjem på besøk, men at dei som regel er ein kombinasjon av læring og skodespel.
– Eg synest at det er gøy å dela det eg har lært med andre, seier Veronica.
Tips til unge forskarar:
- Følg med i naturfagstimane og i engelsken. Mykje forsking skjer på engelsk.
- Viss du skjønar engelsk, er det ein god YouTube-kanal du kan sjekka ut, som heiter Veritasium.
- Du kan læra masse i Nysgjerrigper-bladet.
- Still spørsmål til ting som andre synest er heilt vanleg: Kvifor er himmelen eigentleg blå? Eller kvifor det er lettare å gå ned enn opp ein bakke? Viss du tenkjer stort, kan du komma fram til mykje lurt.