Kanskje du ikkje tenkjer på at den tyggegummien du spytta ut eller den plastposen som blei tatt av vinden?
No er det vårt ansvar å redda kloden! For det var nemleg me som rota alt til, så då får me jammen meg rydda opp igjen!
Kva er eigentleg konsekvensane for å kaste plast i havet?
Konsekvensane for å kasta plast i havet går dessverre nesten berre på dyra i havet.
Det er fleire dyr som får auge på ein plastpose eller anna plast og boss å trur at det er mat, slik som plastkvalen som stranda i Sotra med over 30 plastposar i magen.
Kor mykje plast hamner eigentleg i havet?
Kvert år hamnar rundt 80 millionar tonn plast i havet, og kvert minutt hamnar 15 tonn plast i havet. Dette gjer at viss ikkje me skjerper oss, så kjem havet truleg til å ha meir plast en fisk i seg om under 30 år!
Kven er det som kastar plast i havet?
Stort sett så er alle med på å kasta plast i havet i løpet av livet sitt, men dei fleste stoppar med det så fort dei får vita konsekvensane.
Det skjer ingenting med den plastposen som blei tatt av vinden, eller den brusflaska du la igjen på bakken fordi dette er ting som ikkje forsvinn av seg sjølv! Det blir verande på botnen av havet i fleire hundre år!
Kva må gjerast for å få eit hav med mindre plast?
Tenk deg om før du kastar noko andre plassar enn i bossbøtta. Stort sett alt som du kastar på bakken hamnar til slutt i havet. Det blir dratt med av regn eller vind. Så berre husk, viss me skal kunne leve på denne planeten, så får me ta godt vare på den framover!