Ute i havet mellom Hitra og Frøya, på kysten av Trøndelag, er forskarane i full gang med eit stort arbeid som dei håper skal vera med på å løysa klimakrisa.
– Me dyrkar fram store mengder med tare, og omarbeider han sånn at ikkje karbon slepp ut i atmosfæren. Dermed er den med på å fjerna CO₂, seier seniorforskar Jorunn Skjermo til NRK.
Ho jobbar ved det norske forskingsinstituttet SINTEF.
1000 kvadratkilometer
Tareproduksjon i havet kan altså bli eit viktig klimatiltak i framtida.
I Trøndelag blir det sloppe ut rundt 2,9 millionar tonn CO₂ årleg. For å ta opp heile dette utsleppet, har SINTEF komme fram til at det må dyrkast tare i eit område på rundt 1000 kvadratkilometer.