Prosjektleiaren for Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø, seier at dei har auka opplaget med 5 000 tekstsamlingar av bøkene.
Tor Arve Røssland, forfattar bak boka Glimt, meiner at slike aksjonar er med på å forme han som forfattar.
– Det betyr enormt mykje for meg som forfattar at bøkene blir formidla direkte ut til lesarane. Utan engasjerte bibliotekarar, dyktige lærarar og Foreningen !les hadde eg neppe vore der eg er i dag, seier Røssland.
Følgande bøker er med i Tid for ti 2018:
Villheks – Eldprøva av Lene Kaaberbøl (Samlaget, 2012)
Snillionen av Arnfinn Kolerud (Cappelen Damm, 2017)
Apetryne av Atle Hansen (Samlaget, 2017)
Stamceller av Øystein Runde (Gyldendal, 2017)
Keeperen og havet av Maria Parr (Samlaget, 2017)
Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim (Samlaget, 2014)
Bestem deg, Tony T, bestem deg! av Erna Osland. Ill. av Sigbjørn Lilleeng (Samlaget, 2017)
Svikta av Bente Bratlund (Mangschou, 2017)
Hest, hest, tiger, tiger av Mette Eike Neerlin (Samlaget, 2017)
Glimt av Tor Arve Røssland (Samlaget, 2015)
Har du tenkt å lese bøkene? Vi er alltid ute etter bokmeldingar. Send inn på tips@framtida.no