Kva er porno?

Fleire og fleire ser porno før dei fyller 13 år.

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Delen barn og unge som har sett porno, har auka frå 42 prosent i 2018 til 49 prosent i 2020. Av dei som har sett porno, hadde nesten 60 prosent sett porno før dei fylte 13 år.

Porno er fantasi

Porno er bilde, tekstar og film med eit seksuelt innhald. Målet er at du som ser eller les dette skal bli kåt. Men, porno er ikkje slik som sex er i verkelegheita. Det er fantasi. Dei som er med i porno spelar ofte skodespel og framstiller ei historie som ikkje er ekte sex.

Mykje av innhaldet kan også vera skremmande og brutalt, og kroppane til dei som er med i porno er ikkje alltid slik som «vanlege» kroppar. Det er viktig å vite dersom du ser på porno. Mange som ser porno trur at det er slik sex i er i verkelegheita, og enkelte kan få problem med dette når dei blir vaksne og kan ha sitt eige sexliv.

Det er like vanleg å ikkje sjå på porno, som å sjå på det. Det er viktig at ingen føler at det er noko ein må gjere for å vera kul. Det er heilt opp til deg. Ingen andre skal bestemma at du skal sjå på det.

Ulovleg porno

Det finst òg porno som er ulovleg. Bilde eller filmar som viser seksuelle overgrep mot barn eller som seksualiserer barn (ofte kalla barneporno) er ulovleg. Det finst òg andre typar porno som er ulovleg i Noreg.

«Vanleg» porno som ikkje inneheld noko ulovleg, er lovleg å sjå og kjøpa uansett kor gamal du er. Mange pornosider og -butikkar vil likevel ikkje la unge under 18 år sjå eller kjøpa porno.

Kjem du over noko skremmande eller ekkelt på internett? Då er det viktig at du snakkar med ein vaksen som kan hjelpa deg. Du kan snakka med helsesjukepleiar, foreldra dine eller chatte anonymt med rådgjevarar hos Sex og Samfunn.

(Kjelde: Ung.no)