Fakta
NAMN: Irja Ratikainen
FORSKAR PÅ: Adferdsbiologi
JOBB: NTNU (Realfagbygget, Gløshaugen, Trondheim)
–Kva forskar du på?
– Eg forskar på korleis ulike organismar (dyr og plantar) greier å leva på stader der tilhøva endrar seg ofte. Eg prøver å svara på korleis dei kan laga strategiar for å klara seg best mogleg når til dømes temperaturen forandrar seg, både på ein føreseieleg måte (som dag og natt/sommar og vinter) og på uføreseielege måtar (når det til dømes blir dårleg vêr).
– Kvifor er dette verdt å forska på?
– For at me skal greia å forstå kva som skjer med det biologiske mangfaldet når klimaet endrar seg, og gjette på kva som vil skje med ulike typar organismar i framtida, er dette kjempeviktig forsking.
– Kva er ditt beste tips for å bli forskar?
– Om du vil bli forskar må du læra deg å vera tolmodig og jobba lenge med eit problem. Ikkje gi opp sjølv om det er skikkeleg vanskeleg, prøv heller å diskutera oppgåva eller problemet med andre. Då kan det henda at du kan komma opp med ein ny måte å løysa problemet på!
Tips til barn som vil forska heima:
Det kan vera lurt å spørja ein vaksen om lov før du går i gang med eitt forskarprosjekt:
– Om du vil forska heima, kan du til dømes sjå kor mange artar du kan finna på tre ulike stader. Du kan gå ut i hagen eller til ein park (om våren eller sommaren), og leita etter småkryp innanfor eit lite område. Tel så kor mange ulike artar du finner. Deretter kan du prøva å svara på om det er skilnader. Om det er det, kvifor er det slik?
Lukke til!
Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.