Malgorzata forskar på personvernet vårt

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Malgorzata Cyndecka.

Fakta

NAMN: Malgorzata Cyndecka

FORSKAR PÅ: EU/EØS-rett, med fokus på reglar om personvern og GDPR, og statsstøtte

JOBB: Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva forskar du på?

– Eg forskar på kva reglar som gjeld når nokon bruker personopplysningane våre, kva som er lovleg og ulovleg, og kva rettar me har i samband med dette.

– Personopplysningar er opplysningar eller informasjon om oss, eller som kan knytast til oss. Det kan vera mitt eller ditt namn, mobilnummeret mitt eller eit bilde av deg, stemma di eller hovusforma di, karakterar du får på skulen eller informasjon om at eg er allergisk mot pollen. Kor fort du går eller kor fort du skriv på tastaturet er også informasjon om deg og som kan knytast til deg!

Kvifor er dette verdt å forska på?

Foto: Eirik Holmøyvik

– Det er mange som nyttar informasjon om oss, og dei har mange ulike formål med dette. Skulen må vita kva du heiter, kva foreldra dine heiter og kva karakterar du får, men treng Facebook eller TikTok vita «nesten alt» om deg? Veit du korleis dei vil bruka informasjon om at du likar is om sommaren eller at du er glad i å gå på ski om vinteren?

– Slik informasjon har ein stor verdi. Me må ha kontroll på informasjonen om oss, me må vita kven som bruker den og til kva.

Kva er det beste tipset ditt for å bli forskar?

– For å bli ein god forskar må du vera både nysgjerrig og sta. Du lurer sikkert på mange ting, men ein god forskar gir seg ikkje når ho eller han ikkje finn eit godt svar med ein gang.

– Du bruker sikkert veldig ofte internett for å finna morosame og interessante ting eller kanskje spela med nokon. Har du lagt merke til at du får reklame av klede eller sko som du kunne tenkja deg? Korleis veit dei kva du likar og ikkje likar? Er det lov at dei veit så mykje om deg? Synest du at det er greitt?

Tips til barn som vil forska heima:

– Viss du bruker sosiale medium som Facebook eller TikTok eller lastar ned eit nytt spel, bør du få vita kven som samlar informasjon om deg og kvifor.

– Har du nokon gong blitt spurt om å klikka «ja» til å dela informasjon om deg sjølv? Har du forstått kvifor det er slik? Snakk gjerne om dette med foreldra dine eller læraren din. Opplysningane om deg er dine!

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.