Simen forskar på bølgjene på vatnet

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Simen Ellingsen.

Fakta

NAMN: Simen Ellingsen 

FORSKAR PÅ: Fluidmekanikk

JOBB: NTNU i Trondheim

LES FAKTALUKK FAKTA

–Kva forskar du på?

– Eg forskar på bølgjer på vatnet! Kan du tenkja deg noko vakrare? Kastar du ein stein i vatnet, ser du ringbølgjer, bak båten vert det eit V-forma bølgjemønster, og når bølgjene kjem inn på stranda, bryt dei med eit plask. Ikkje to bølgjer bryt på heilt same måte! Eg er særleg oppteken av korleis bølgjer oppfører seg når dei treff på straum og turbulens («rotete rørsle») i vatnet, slik dei gjer ute i havet.

PÅ JOBB: Her er Simen på laben, der dei kan studera korleis bølgjer samverkar med straum og turbulens. – Sjølv er eg teoretikar, så det er ikkje eg som gjer sjølve målingane – forskingsgruppa arbeider som eit lag der vi har kvar våre oppgåver. Ei av oppgåvene mine er å ikkje vere i vegen når det skal gjerast målingar, seier han. Foto: Privat

– Kvifor er dette verdt å forska på?

– Det er superviktig, fordi bølgjene er med å blanda vatnet øvst i havet. Noko av det viktigaste for klimaet på jorda er korleis havet tek til seg varme og gassar slik som CO2 i havoverflata. Vatnet i overflata må blandast nedover i djupet før det kan komma inn meir gass og varme. Du har kanskje prøvd å laga sjokomelk med å ha pulver i eit glas mjølk? Om du ikkje blander med ei skei, vert pulveret berre liggjande på toppen. Sånn er det i havet òg. Me veit at når bølgjer og straum verkar saman, vert dei ei bra «blandeskei», men det er mykje vi ikkje skjønar om korleis.

– Kva er ditt beste tips for å bli forskar?

– Kanskje du likar å leika detektiv? Når du lærer om noko nytt på skulen, prøv å tenkja som ein detektiv: Kva kan grunnen vera? Korleis heng det saman? Er det same grunn til at både bjørnen og hoggormen søv om vinteren? Kvifor er det sand på mange strender, men ikkje alle? Om detektiven har ein teori, må han vera forsiktig med å seia «du er tjuven!» utan ei grundig undersøking, elles kan jo feil person hamna i fengsel! Sånn er det i forskinga òg. Når me har ein teori om korleis noko skjer, prøver me å finna feil i han. Jo fleire som prøver å slå hol i teorien og ikkje greier det, jo meir trur me at det er slik det kan henga saman.

Tips til barn som vil forska heima:

Det kan vera lurt å spørja ein vaksen om lov før du går i gang med eitt forskarprosjekt:

Skru på vatnet i springen veldig langsamt. Først kjem det dråpar. Så byrjar det å forma seg ein stråle øvst ved krana som bryt opp og blir dråpar etterkvart som han fell. Skru opp litt meir, så får du ein roleg stråle som er klår og gjennomsiktig som glas. Aukar du straumen enda meir, skjer det plutseleg ei endring: strålen vert heilt kvit, full av bobler.

Kvifor trur du den saktaste stråla «dett frå kvarandre» til dråpar? Kvifor går den raske strålen plutseleg frå gjennomsiktig til kvit? Finn akkurat punktet der strålen endrar seg og mål med stoppeklokka kor lang tid det tek å fylle 1 dl vatn i eit målebeger. Gjer det same i alle kranene heime, på skulen, hos naboen… Er tida den same?

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.