Sofie forskar på korleis medisin kan leverast meir presist i kroppen

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Sofie Snipstad.

NAMN: Sofie Snipstad

FORSKAR PÅ: Kreftforskning og nanomedisin

JOBB: NTNU og SINTEF, begge i Trondheim

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva forskar du på?

– Eg forskar på korleis me kan bruka ulike typar medisinsk teknologi for å levera medisin meir presist til sjuke celler i kroppen vår.

–Det kan vera cellegift som skal leverast til kreftceller i ein svulst, eller medisinar som skal leverast til hjernen for å behandla sjuke hjerneceller. Me brukar mellom anna bittesmå nanopartikler og ultralyd for å senda medisinen til rett stad.

Kvifor er dette verdt å forska på?

– Ei utfordring i dag er at mange medisinar blir spreidde i store delar kroppen vår. Noko av den hamnar på rett plass, medan noko hamnar på avvege og kan skada friske celler.

– Gode forskarar er ofte nysgjerrige, og det er viktig å finna noko ein synst er spennande, seier Sofie. Foto: NTNU

– Ved å levera meir medisin til dei sjuke cellene i kroppen får me betre og meir effektiv behandling. Viss me samtidig kan skåna dei friske cellene, kan me gjera det slik at pasientane får mindre biverknader av behandlinga.

Kva er det beste tipset ditt for å bli forskar?

– Gode forskarar er ofte nysgjerrige, og det er viktig å finna noko ein synst er spennande. Det er framleis mykje me ikkje veit som me treng å forska på, men det å skaffa ny kunnskap tek tid, så det gjeld å ha litt tolmod.

– Du kan til dømes ønska deg eit lite mikroskop som du kan bruka til å sjå på små detaljar på insekt, plantar, hud, hår, fingeravtrykk eller mat, for å læra meir om korleis verda er bygd opp.

Dette er eit bilde av kreftceller. Deti grøne prikkane er medisin. Foto: NTNU

Tips til barn som vil forska heima:

– Tenk ut eit spørsmål du lurer på, og kva undersøkingar du kan gjera for å svara på spørsmålet. Kanskje må du ut i verda for å samla inn opplysningar, kanskje kan du finna svaret i bøker eller ved å bruka eit mikroskop. Her er det viktig å vera systematisk og dokumentera det du gjer. Til slutt kan du framstilla resultata dine som tekst, diagram eller bilde som du kan dela med andre for å visa kva du har funne ut.

– Du kan til dømes undersøka korleis ulike typar celler ser ut i eit enkelt mikroskop. Ta prøvar med ein tannpirkar frå innsida av kjaken din, frå ein drope blod, frå vasken på badet, eller skrell av eit tynt lag frå ein løk på kjøkkenet. Er det forskjell på celler frå menneske, bakteriar og plantar?

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.