Ronja Røverdatter blir teikneserie

Astrid Lindgren si historie blir japansk teikneserie.

P3.no skriv  at Ronja Røverdatter no skal bli anime-serie.

Anime er eit samleord for japanske teiknefilmar.

Det er Studio Ghibli som skal lage filmen. Dei har tidlegare blant anna laga “Den lille havfruen” av H.C Andersen sitt eventyr.

Ronja Røverdatter er historia om Ronja, skrive av Astrid Lindgren. Historia handlar om Ronja sitt opprør mot faren. Ho går frå å vere barn til tenåring, med glede, sorg og kjærleik. Boka blei film i 1984.

P3.no skriv at det ikkje er satt dato på når vi får sjå Ronja i den nye versjonen her i Skandinavia. (Du blir sendt til p3.no)