Inger Nilsson ville ikkje snakke om «Pippi»

Inger blei berømt i rolla som Pippi Langstrømpe då ho var 8 år. Men livet som barnestjerne blei ikkje enkelt.

I 1969 blei den fyrste filmen om «verdas sterkaste jente» laga. I hovudrollen ser vi skodespelar Inger Nilsson (59). Ho var åtte år den gong, og ei av 8000 unge jenter som ønskja seg rolla, skriv Dagbladet.no.

Barnestjerne

I eit intervju med SVT røper Nilsson at det var vanskeleg å vera barnestjerne.

PIPPI: Slik ser Inger Nilsson ut i dag. FOTO: Frankie Fouganthin / CC BY-SA 4.0 / WIkimedia Commons

Inger hadde berre overnatta vekke frå foreldra ei natt før innspelinga av filmen starta i 1968 på Røros i Noreg. Inger var med i fire «Pippi»-filmar mellom 1969 og 1973.

Etter innspelinga var over valte ho å utdanne seg til sekretær.

Måtte låse døra

– Folk blei galne etter Pippi. Det er noko som skjer med folk når dei ser ho. Det har eg forstått no, seier Inger.

Alle ville ha ein bit av den unge jenta. Det blei for mykje til slutt.

– Vi måtte låse døra til slutt, for heilt plutseleg kunne det stå nokon i entreen som spurte: «Kvar er ho?».