Dette skjer med kroppen din når du isbadar

Det er mange kroppslege fordeler ved å driva med isbading.

0
Kaldt: Uttrykket til Live Lund-Roland (12) forklarar godt kor kaldt det er i vatnet. Foto: Privat

Isbading er blitt kjempepopulært dei siste åra, og nyleg kom det fram at ein av fem unge vil isbada i vinter. Men når du kastar deg ut i iskaldt vatn, skjer det mykje rart med kroppen din.

Les også: Desse jentene har ein iskald hobby: – Veldig deilig når du kjem uti

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Her er ei rekkje ting som er greit å vita om:

  • Pusten og pulsen går kjappare. Grunnen er at kroppen jobbar hardare for å halda kroppstemperaturen oppe og dei vitale funksjonane i gang.
  • Kulda gjer at blodårene dine trekkjer seg saman. Dette skjer fordi kroppen vil sikra at dei vitale organa får nok blod.
  • Kroppsteperaturen din fell når du badar i iskaldt vatn. Kor den fell, avhenger av kor kaldt det er i vatnet.
  • Humøret ditt stig. Det kalde vatnet kan gi ei kjensle av velvære, og fleire som driv med isbading omtalar kjensla dei får som å vera «høg». Dette kan samanliknast med eit anna fenomen som løparar kan kjenna på, nemleg «runners high».
  • Kulden set immunforsvaret i alarm for ei kort stund, noko som kan føra til at  immunforsvaret bli betre. Med andre ord kan risikoen for å bli sjuk betrast ved å driva med isbading.
  • Kulda set i gong forbrenninga i kroppen din.

Kjelde: alt.dk