Vel éi av desse oppgåvene:
– Skriv om ei oppfinning du skulle ønske at fanst, og korleis oppfinninga ville gjort verda betre.
– Skriv om ein oppdagar eller oppfinnar som har vore viktig i historia.
Krav:
– Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
– Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar.
Frist: 15. mars 2022
Vinn fine premiar
Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og abonnement på papiravisa Framtida junior i to månader og bokpakke frå Foreningen !les.
Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com og ole@foreningenles.no.
Skriv «Skrivekonkurranse 2022» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.
Konkurransen er eit samarbeid mellom Framtida Junior og leseaksjonen Tid for ti i regi av Foreningen !les. På tidforti.no kan du less utdrag frå boka Ti utrulege oppfinningar og andre gode bøker.