– Eg fann båten 650 meter vekke frå huset mitt, seier Karel Nuncic (11).
Via Facebook hadde han og familien blitt kjent med at ein 5. klasse frå New Hampshire i USA hadde sendt ut ein heimelaga båt for over eitt år sidan. Båten var utstyrt med ein gps, som gav amerikanarane beskjed om at båten hadde gått på land i Noreg, og nærare bestemt på heimstaden til Karel.
Dette trigga noko i 11-åringen, som melde seg frivillig til skattejakt. Han og familien bestemte seg derfor for å få strategisk til verks, for å finna den vesle båten.
– Det viste seg at GPSen på båten var veldig nøyaktig. Det tok ikkje lang tid før eg skjønte at det var båten me hadde funne. Han var full av skjell som hadde festa seg på han. Og så skal det seiast at halvparten av båten var vekke, seier Karel.
Mangla store delar av skrog og kjøl
For båten har nok vore gjennom ein storm eller to, i løpet av dei totalt 462 dagane på Atlanterhavet. Det kan ein sjå av ruta båten har tatt over det store havet.
– Viss me ser på kartet som viser der båten har segla, så ser me at han har gått i sirklar på ein plass. Det var sikkert denne stormen som tok både skroget og kjølen på båten, seier Karel.
Heldigvis hadde lasterommet på båten komme seg gjennom dei tøffaste sjøtaka. Der hadde elevane frå USA gøymt både GPS og kontaktinfo, og 5. klassingen trur at båten har greidd seg fordi nettopp denne boksen var veldig godt forsegla og full av luft.
– Det var mykje meir proft gjort enn ein vanleg flaskepost.
– Lukta skikkelig ille
Karel kan røpa at båten lukta akkurat slik ein ser for seg at ein båt som har vore på havet i 462 dagar, luktar. Det var ikkje noko deilig oppleving.
– Eg vil nesten ikkje gå inn på det ein gong. For den lukta var skikkeleg ille. Båten lukta rett og slett roten tang, seier han.
Dårleg lukt eller ikkje, så synest han at det var kult at han fekk vera med på å finna båten. Og det syntest 5. klassingane frå USA også. Dei har nemleg vore heilt ville, viss me skal tru Karel.
– Dei har sendt meldingar i eitt sett. Men det er nok fordi at dei fleste linknande prosjekta som blir sjøsett frå USA anten druknar, reiser tilbake der dei kom frå, eller reiser til Canada. Derfor har dei vore veldig glad for at han kom seg heile vegen til Noreg.
I førre veke hadde han ein videosamtale med heile skulen til dei amerikanske 5. klassingane. Og då fekk han masse rare spørsmål.
– Amerikanarane er jo veldig annleis enn oss. Dei spurde meg om kva som var nasjonalretten vår. Og så lurte dei veldig på kor stor hagen min var, sidan eg skreiv at eg fann båten i «bakhagen» min.
Perfekt treffpunkt for Golfstraumen
Karel er ganske klar i si sak då han får spørsmål om han er blitt inspirert til å sjøsetja sin eigen flaskepost-liknande båt.
– Det trur eg ikkje skjer. Flesteparten av flaskepostane som blir sendt ut frå Noreg, kjem berre tilbake. Golfstraumen jobbar mot oss, seier han.
Nettopp det har han og dei andre som bur på Smøla opplevd. Mamma Mariann fortel at øya der dei bur, har vist seg å vera eit perfekt treffpunkt for akkurat Golfstraumen.
– Me finn mykje greier som rek i land frå havet her. Ein flaskepost frå Skottland har me funne, og så er det alltid mykje plast og slik i fjæra, seier Karel.