Tre dagar i veka fekk elevane 20 ekstra minutt med fysisk aktivitet iløpet av skuledagen. I dei aktive minutta skulle dei vera i full fart slik at dei vart skikkeleg andpustne og slitne. Denne aktiviteten kom i tillegg til dei vanlege timane med kroppsøving.
God konsentrasjon
Forskarane ville nemleg finna ut om den fysiske aktiviteten påverka undervisninga i dei andre faga. Etter ein periode med ekstra aktivitet spurde dei elevane om noko hadde forandra seg.
Elevane svara at:
- Dei fekk betre konsentrasjon.
- Dei fekk meir lyst til å følgja med på undervisninga i dei andre skuletimane.
- Dei var stillare i klasserommet enn før
- Dei vart gladare og meir positivt innstilt.
– Nokon opplevde at dei fekk sunnare vanar. Dei gav uttrykk for at dei hadde byrja å eta sunnare, fått auka fysisk evne, at dei klarte å gå i staden for å gå og at dei følte seg meir tilfredse med kroppen sin. Sidan aktivitetane nokre gongar vart gjennomført på tvers av trinna, fekk dei òg nye vener og betre samhald i klassen, seier Linn Håman som underviser i pedagogikk på universitetet til Forsking.se.
Det var Ung.Forskning.no som omtala saka fyrst i Noreg.