Verdas meterologiske organisasjon har erklært verdas lengste lyn.
Lynet strekte seg totalt 768 kilometer over Texas, Louisiana og Mississippi. Det vart registrert i april 2020, skriv Huff Post.
Den tidlegare verdsrekordhaldaren stod i to år, og var eit lyn som gjekk over Brasil i 2018. Det strekte seg totalt 709 kilometer.
Les også: No er det høgsesong for lyn og torden
– Lynrekordane er heilt ekstraordinære
Men det var ikkje berre den rekorden som vart slått i 2020. Rekorden for varigheta til eit enkelt lyn vart også slått. Eitt enkelt lyn over Uruguay og Nord-Argentina varte i totalt 17,1 sekund. Dermed tok det den gamle rekorden på 16,7 sekund.
Dette er to svært uvanlege rekordar. Grunnen er at eit lyn som regel ikkje strekkjer seg lenger enn om lag 16 kilometer. I snitt varar det mindre enn eit sekund.
– Desse to lynrekordane er heilt ekstraordinære, seier Randall Cerveny frå Arizona State University til Huff Post.
Han er sjef for rekordstadfesting for den meteorologiske organisasjonen. Begge lyna var fleire hundre meter over bakken, så ingen var i fare, la han til.
Shocking! Within this cluster of storms, a single lightning bolt captured by @NOAASatellites in April 2020 was recently certified by the @WMO as the world’s longest flash on record with a distance of 477 miles. MORE: https://t.co/LdDQ0Avdll #Megaflash #Lightning #Weather pic.twitter.com/FzD9ShfnRR
— NOAA (@NOAA) February 1, 2022