Har du lese ei kjekk, spennande, morosam eller skummel bok?
Skriv ei bokmelding om ei bok du har lese, og bli med i skrivekonkurransen vår!
Sjå her korleis du skriv ei bokmelding: https://framtidajunior.no/2018/08/09/slik-skriv-du-bokmeldingar/
Både vinnarteksten og andre gode tekstar vil bli publiserte på www.framtidajunior.no.
Format: Word-fil
Lengde: 150-350 ord
Premiar: 1. premie: Abonnement på Framtida Junior, bok og Framtida Junior-t-skjorte.
Me gjev òg eit klassesett av Framtida Junior til den klassen som leverer flest bokmeldingar.
Aldersgrense: Under 14 år
Målform: Nynorsk
Innleveringsfrist: 28. januar 2022
Send inn til framtidajunior(a)gmail.com
OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.