TikTok er den mest besøkte nettstaden i 2021, skriv BBC Newsroom. Appen dytta fjorårets vinnar Google ned frå førsteplassen – og kan med det takka pandemien for mykje av suksessen det siste året.
Pandemien har nemleg gitt TikTok ei stor popularitetsauke, og nettstaden har gjort eit realt byks på listene i 2021. I 2020 måtte me heilt ned på 7. plass for å finna TikTok.
Meir enn 1 milliard brukarar
Totalt kan TikTok no skryta av meir enn ein milliard brukarar over heile verda.
Dei brukar TikTok til underhaldning, for å finna og dela glede og for å læra nye ting, skreiv selskapet i ei pressemelding på nettsidene sine tidlegare i desember.
Les også: Dette er årets beste TikTok-videoar
Topp 10 mest populære nettstader i 2021
Den årlege ti-på-topp-lista er sett saman av eit selskap som heiter Cloudfare, og her kjem lista:
- TikTok.com
- Google.com
- Facebook.com
- Microsoft.com
- Apple.com
- Amazon.com
- Netflix.com
- YouTube.com
- Twitter.com
- WhatsApp.com