– Blant superfinalistane finn me mellom anna skjønnlitterære spenningsbøker og sakprosa med alvor. Det er ei god breidde og det blir interessant å sjå korleis bøkene blir mottatt av juryklassene, sier prosjektansvarlig for Bokslukerprisen i Foreningen !les, Sigrun Feiring.
Lesarar i aldersgruppa 10–12 år har i haust diskutert seg fram til fem superfinalistar i Bokslukerprisen 2021/22.
Desse fem er:
- Hetebølge av Dag Otto Lauritzen og Frode Eie Larsen
- Bare Victor av Victor Sotberg
- Hør’a dagbok! av Amina Sewali
- Charlie Drømmevandrer. Fangene i Adnafjell av Svein Tindberg
- Hva skjedde egentlig med deg? av Jenny Jordahl
Jaktar på ei vinnarbok
– Med prisen vil me at lesarane skal bli engasjerte, snakka med kvarandre om bøkene og få eit innblikk i nyare norsk litteratur, seier Sigrun Feiring i pressemeldinga.
No skal femten klassar frå ulike regionar i gong med å lesa desse fem bøkene, og bestemma seg for kva av dei som skal få deira stemme.
21. april 2022 blir Bokslukerprisen delt ut i Oslo.
Les også: Desse bøkene er nominert til Bokslukerprisen 2021/22