I Storbritannia og i Finland er lydane frå fuglar blitt svakara og mindre varierte fleire plassar. Men også i Noreg er det blitt mindre fuglesong i jordbrukslandskapet, då talet på songglade fugleartar, som mellom anna vipe og storspove, minkar.
Fuglesong gjer oss merksame på naturen
At det ikkje er mogleg å høyra like mykje fuglesong som før, er eit tap både for naturen og for oss menneska, meiner fagsjef i Birdlife Noreg, Ingar Jostein Øien.
Han fortel at menneske opplever fulgesong som avslappande og at lyden av fuglane er med på å gjera at me tenkjer meir over dyra og naturen rundt oss.
– Dersom dei lydane forsvinner, gjer det oss mindre merksame på endringar i naturen vår, og kanskje også mindre opptatte av å ta vare på han, seier han til NRK.
Nokre område har fått fleire fuglar
Men sjølv om det er blitt mindre lydar frå våre fjærkledde venner i jordbrukslandskap, er det andre område der det er blitt meir fuglar i Noreg. Mellom anna har me fått meir skog her til lands, og der trivst fuglane godt. Varmare klima gjer også at nye artar kjem til.
– I neste 100-årsperiode er det ikkje utenkjeleg at ein får enda meir fuglesong fleire stader, men det kjem an på kor ein er, seier John Atle Kålås til NRK. Han jobbar i Norsk institutt for naturforsking (NINA).
Les også: Årets fugl er ikkje ein fugl – men ei flaggermus
Les også: Hundrevis av fuglar døydde etter å ha krasja i skyskraparar