Fleire dompapar i norske hagar

Det blir stadig fleire dompapar i norske hagar, ifølgje tal frå Hagefugltellingen 2024.

Sjølv om kulde og snø kan vera trøblete for ein del av hagefuglane, ser det ut til at dompapen klarer seg bra, skriv NRK.

Kjøttmeis er framleis den vanlegaste fuglen i norske hagar, men talet går nedover, ifølgje hagefuglteljinga.

Årets hagefuglteljing vart arrangert helga 27.-28. januar. Dette skjer samstundes i alle nordiske land.