Heidi forskar på appar som kan hjelpa sjuke

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Heidi Holmen.

Fakta

NAMN: Heidi Holmen

FORSKAR PÅ: Helseappar

JOBB: Rikshospitalet og OsloMet

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva forskar du på?

– Eg forskar på helseappar og korleis dei kan gjera det enklare for menneske med alvorleg sjukdom. Til dømes kan det vera vanskeleg for born med alvorleg sjukdom å reisa til sjukehus når dei heller vil vera heima med familie og vener. Eg likar å høyra med dei som er sjuke sjølv kva dei synst er viktig i deira liv og korleis teknologi kan støtta dei.

Kvifor er dette verdt å forska på?

– Helseappar kan gjera at ein kan vera meir heime og det er tryggare i ein pandemi, og både sjuke born og vaksne kan lære meir om sjukdomen sin ved å kunna bruka ein helseapp som er forska fram. Når menneske får moglegheit til å halda kontakt med til dømes ein sjukepleiar dei kjenner ved sjukehuset eller i kommunen der dei bur, kan dei òg bli tryggare og ha betre liv – fylt med familie, vener og det dei synst er viktig i livet.

Foto: Privat

Kva er ditt beste tips for å bli forskar?

– Det viktigaste ein må gjera er å vera nysgjerrig på det meste – alt frå korleis samfunnet fungerer, korleis er det å vera sjuk, korleis ein app eigentleg er bygd opp, eller andre ting. Det er framleis fleire ting me ikkje veit enn ting me veit i verda. Så spør dei du møter – lærarane, andre vaksne, born, vær nysgjerrig og ikkje gi opp!

Tips til barn som vil forska heima

Det kan vera lurt å spørja ein vaksen om lov før du går i gang med eitt forskarprosjekt:

Spør dei du kjenner om kva som er viktig i livet deira for at dei skal ha det bra, til dømes gode vener, hunden deira, laurdagsgodteri, og så vidare. Ut frå kva dei svarar så kan du laga eit søylediagram der du tel kor mange som har svara ein ting, og bortover kan du skriva opp alle dei ulike tinga folk svarar. Du kan òg laga eit diagram for born, eit for mammaer og eit for pappaer, alt frå kven du spør. Kanskje du blir overraska av nokon av svara, og det kan hende at nokon svarar det same?

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.