Elevane har runda jordkloden 27 gonger

Over 50.000 skuleelevar frå heile landet har deltatt i årets Beintøft-aksjon. Årets tøffaste klasse var 3B ved Kyrkjevollen skule i Sandnes kommune.

Beintøft 2021:
  • Over 2200 klassar og 53 000 elevar har deltatt i aksjonen
  • Dei har gått totalt 1 079 462 kilometer
  • Dette tilsvarar 27 gonger rundt jordkloden
  • 143 583 kg CO2 er spart
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er fantastisk å sjå kor mange engasjerte barn det er rundt omkring i heile landet. På ein månad har dei gått over 1 million kilometer, noko som tilsvarer 27 gangar rundt ekvator! Saman har dei verkeleg trått til for klimaet og miljøet, seier prosjektleiar Kaspar Tjeldflaat Steudel i Miljøagentene i ei pressemelding.

I løpet av dei siste fire vekene, har 53 000 elevar deltatt i Beintøft-aksjonen.

Les også: Klassen vann Beintøft-aksjonen i fjor: – Me vil vinna i år også

Årets tøffaste klasse

Aksjonen blir arrangert av Miljøagentene og er Noregs største gå-til-skulen-aksjon. Gjennom kampanjen blir alle grunnskuleelevane i Noreg oppmoda til å gå, sykla eller reisa kollektivt til skulen.

Årets tøffaste klasse, som gjekk heilt til topps i konkurransen var 3B ved Kyrkjevollen skule i Sandnes kommune. Dei stikk av med 30.000 kroner som skal komma heile klassen til gode og bidra til vidare aktivitet.

I tillegg får dei beste 1.–7. klassane nasjonalt ein premie til ein verdi av 5.000 kroner. Det same får dei beste klassane i kvart fylke.

Enkelt å gjera ei forskjell

– Pengane kan til dømes brukast på nye sykkelstativ, sparkesyklar til heile klassen eller søppelkasser i skulegarden, seier Steudel i Miljøagentene.

Han håper barna kan inspirera foreldra til å la bilen stå litt oftare.

– Barna viser kor enkelt det er å gjera ein forskjell. Me håpar at dei inspirerer foreldra til å velja ein miljøvennleg reiseveg i kvardagen.