Har løyst plast-gåta

LEGO-gruppa kunne nyleg avsløra den første prototypen av LEGO-klossar som er laga av resirkulert plast.

– Me veit at barn bryr seg om klimaet. Sjølv om det er ei stund til det er mogleg å bruka dei nye klossane enda, vil me gi dei beskjed om at me jobbar med det, seier Tim Brooks, som jobbar med miljøansvar i selskapet i ei pressemelding.

Den nye prototypen, som brukar plast frå gamle plastflasker, er dei første klossane som er laga av resirkulerte materialer, og likevel er godkjent i selskapet sine strenge kvalitetssjekkar.

Kjempespent på utviklinga

Meir enn 150 menneske har jobba med å finna bærekraftige moglegheiter for LEGO-produkta dei siste tre åra.

– Me er kjempespent på denne utviklinga. Å driva med eksperiment og feila i dei, er ein viktig del av korleis me lærer og blir betre. Akkurat som barn byggjer, river ned og byggjer opp att med LEGO-klossar heima, har me gjort nettopp det same inne i laben vår, seier Brooks.

Tidspunktet for når du kan forventa å kjøpa dei nye LEGO-klossane i butikken, er ikkje bestemt enda. Men det er nok snakk om ei stund, då noverande test-fase kjem til å ta i alle fall eit års tid.