Lus er eit problem som dei aller fleste barnehagar og skular møter på.
Til ei kvar tid har faktisk 1–2 prosent av alle barn i Noreg lus. Dersom alle sjekkar seg og dei med lus blir behandla på same tidspunkt, vil det gjera at dette talet vil bli mindre over tid, skriv Folkehelseinstituttet (FHI).
Denne videoen viser korleis ein kan bli kvitt lus:
Oppdag lusa tidleg
– Nettopp derfor det er så viktig at så mange som mogleg er med på den nasjonale lusesjekken, seier Bjørn Arne Rukke, som er forskar i seksjon for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet.
Samtidig påpeikar han at det beste er å gjera ein sjekk med lusekammen minimum éin gang i månaden. Då oppdagar ein lusa tidleg, og sjansen for å smitta andre blir mindre.
Dersom ein oppdagar lus, bør behandlinga starta med det same.
Foreldrene til dei som oppdagar at dei har lus, bør varsla skulen eller barnehagen slik at dei igjen kan varsla andre om å vera merksame på at det er oppdaga lus. Ingen skal likevel haldast heime frå skule eller barnehage om dei har lus.