Elefantar i Sri Lanka får sitt eige identitets-kort

Sri Lanka har innført nye dyrevernlover, der det mellom anna er eit krav at tamme elefantar har identitetskort som skal visa kven som er eigaren deira.

Håpet er at korta skal hjelpa til med å verna dei om lag 200 tamme elefantane i Sri Lanka frå å bli dårleg behandla av eigarane sine. Det skriv BBC.

Elefantar blir sett på som heilage og spesielle i Sri Lanka. Men dessverre er det slik at nokre elefantar ikkje blir tatt skikkeleg vare på av eigarane sine. Den nye lova krever derfor at alle eigarar har nye fotoidentitetskort med eit DNA-stempel for elefanten dei har ansvar for.

Reglar for eit betre elefantliv

I tillegg til det nye identifikasjonskortet, er det også vedtatt ei rekkje andre lover som elefanteigarane må passa på:

  • Elefantane skal til doktoren for ein sjekk kvar sjette månad.
  • Alle elefantane som blir brukt til arbeid, har krav på eit to og ein halv-times bad kvar dag.
  • Ingen babyelefantar skal brukast til arbeid eller skiljast frå mødrene sine.
  • Elefantar som blir brukt til å frakta tømmerstokkar, får jobba maks fire timar om dagen, og nattarbeid er ikkje lov.
  • Det er ikkje lov med meir enn fire menneske på ryggen til ein elefant om gangen. Desse menneska må sitta i ein sal.
  • Elefantar skal ikkje nyttast i filmar, med mindre det er snakk om statlege filmproduksjonar.

Dei som bryt lovene kan få opp mot tre års fengsel.