No er han historisk

Ronaldo vart tidenes EM-toppskårar då Portugal vann mot Ungarn i innleiande runde i fotball-EM.

Allereie ved kampstart skreiv Cristiano Ronaldo historie. For då Portugal opna i EM mot Ungarn tysdag vart han den første som har deltatt i fem EM-sluttspel, skriv TV 2.

Dei regjerande europameistrane Portugal, sleit lenge mot Ungarn-laget som arbeidde hardt og hadde 60.000 tilskodarar i ryggen på tribunen i Budapest.

To tittlar på ein kveld

Men så losna det. Med berre sju minuttar att av kampen, sørgde Raphaël Guerreiro for 1–0 til Portugal.

Så fekk kapteinen på det portugisiske laget nok ein tittel. Først sette 36-åringen straffesparket som gav Portugal 2–0, og kort tid etterpå ordna han på vakkert vis sitt andre mål for kvelden.

Dermed sikra Ronaldo seg tittelen tidenes toppskårar i EM med elleve mål. Sluttresultatet i kampen vart 3–0 til Portugal over Ungarn.