Utviklar avatar-app: – Me vil at born skal vera trygg på det som skjer på sjukehuset

Overlege Paul Joachim Bloch Thorsen og masterstudentane Randi-Marie Pedersen og Jonas Juul Hermansen vil gi born på sjukehus større eigarskap til eiga helse. No har dei fått støtte til å utvikla ein app, der borna får laga si historie.

Kva er ein avatar?

Ein avatar, også kjent som eit profilbilde eller eit brukarbilde, er ein digital teikning av brukaren. Viss me tenkjer oss om, er me omringa av avatarar i kvardagen. Du kan laga din eigen avatar på Snapchat, du kan kjøpa skins på Fortnite og du har heilt sikkert sett piktogramma av kvinner og menn når du skal bruka eit offentleg toalett.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Me har fått ein million kroner i støtte slik at me kan utvikla appen. Det blir veldig spennande å sjå kva born tenkjer om den.

Det seier Paul Joachim Bloch Thorsen, som er overlege og barnepsykiater ved Haukeland universitetssjukehus. Han fortel at frøet til prosjektet vart sådd då han jobba ved barneposten på sjukehuset.

– Eg syntest at det var vanskeleg å vita kva borna bekymra seg for, kva dei tenkte, kva dei ønskte og så vidare. Eg fann ut at godt over halvparten av borna som var der, ikkje visste kvifor, seier han og leggjer til:

Kva i all verden, tenkte eg. Alle born har rett på informasjon.

Masterstudentar: Randi-Marie Pedersen og Jonas Juul Hermansen studerer Innovasjon og entreprenørskap ved Høgskulen på Vestlandet. Paul Joachim Bloch Thorsen er overlege og barnepsykiater ved Haukeland universitetssjukehus. Foto: Privat

Resulterer i ei bok

I samarbeid med masterstudentane Randi-Marie Pedersen, Jonas Juul Hermansen og Carsten Helgesen som er førsteemanusis ved høgskulen på Vestlandet, tok han derfor til å jobba med ein app som skal heita Adfectus.

Pedersen og Hermansen beskriv den som eit verktøy der born kan laga seg sjølv som avatar. Denne skal dei få tilgang til før dei kjem til sjukehuset. Undervegs kan borna laga ei digital dagbok og gi tilbakemeldingar.

– Appen vil gjera at born i større grad forstår kva som skjer. Dei får betre kontroll, blir betre førebudd og kan få uttrykkja kva dei føler, seier Randi-Marie Pedersen.

Ho fortel at den til slutt skal resultera i ei bok, som barnet kan ta med seg heim.

Les også: 2 om avatarar

Samarbeid med Beitostølen Helsesportsenter

Stor kjennskap: – Alle likar avatarar! Dei blir brukt i spel, i sosiale medium og i anna underholdning, seier Bloch Thorsen. Foto: Adfectus

– Mange kjem tilbake til sjukehuset når dei blir vaksne, og må få forklart kva som skjedde då dei var der. Me vil at barn skal få eigarkskap til si eiga historie, seier ho.

Fleire sjukehus har vist interesse for ideen og no skal den testast på Beitostølen Helsesportsenter. Bloch Thorsen håpar at den vil gi ein verdi.

– Eg har veldig tru på dette, men det betyr ikkje så mykje. Det er borna som er fasiten.

Pedersen og Hermansen er enig. Dei meiner at den på sikt kan brukast innan barnevern, i rusomsorg, i asylmottak, på helsestasjonar og andre stadar.

– Me vil at barna sjølv skal få vera med på å utvikla appen, og gler oss til å testa løysningar saman med Beitostølen.