2 om avatarar

Me spurte barn i Noreg om kva dei meiner om avatarar.

Maja Wronska, 10 år

Maja Wronska. Foto: Marie Stensholt / Bitmoji. Kollasj: Framtida Junior

Kva er ein avatar?

– Det er ein slik du lagar. Du kan laga deg sjølv eller andre, og bestemma korleis du har lyst at han skal sjå ut med klede og slik.

Har du nokre eksempel frå kvardagen din der du brukar avatarar?

– Eg brukar det i Roblox, som er eit spel der du spelar online med andre. Me er avatar i spel og leik, der me bestemmer korleis me ser ut.

Kva synest du er det kulaste med avatarar?

– At du kan laga den slik du vil. Du kan laga deg sjølv og sjå fin ut. Eg syns det er gøy å laga, og få han til å sjå kul ut.

Om du skulle begynt på ein ny skule, og fekk vist ein video med deg sjølv i avatarform – kva hadde du tenkt då?

– Det hadde vore veldig gøy. Då hadde eg vist den eg har på Snapchat!

Les også: Utviklar avatar-app: – Me vil at born skal vera trygg på det som skjer på sjukehuset

Maria Elisa Høgheim, 11 år

Maria Elisa Høgheim. Foto: Marie Stensholt / Bitmoji. Kollasj: Framtida Junior

Kva er ein avatar?

– Det er ein figur.

Har du nokre eksempel frå kvardagen din der du brukar avatarar?

– Eg brukar det på Snapchat og i Roblox.

Kva synest du er det kulaste med avatarar?

– Det kulaste er at du kan bruka han til noko.

Om du skulle begynt på ein ny skule, og fekk vist ein video med deg sjølv i avatarform – kva hadde du tenkt då?

– Eg synest at det hadde vore veldig rart.