Tusenvis av syklar står fast i Suezkanalen

Dersom du eigentleg skulle få deg ny sykkel i år, har du kanskje merka at det har vore vanskeleg å få til.

Fakta om Suezkanalen
  • Suezkanalen går mellom Port Said ved Middelhavet i nord og Suez ved Raudehavet i sør.
  • Då den vart opna i 1869, vart reisetida mellom Europa og Asia redusert med omtrent 30 dagar. Tidlegare hadde reise- og handelsrutene gått over land langs Silkevegen eller tatt den mykje lengre sjøreisa rundt Afrika.
  • Kanalen er 193 kilometer lang.
  • 97 skip kan passera gjennom kanalen per døger.

Kjelde: SNL

LES FAKTALUKK FAKTA

Det store containerskipet som gjekk på grunn i Suezkanalen i slutten av mars, er framleis i arrest der det grunnstøytte. Det er også varene som er om bord i containerane.

No viser det seg at dei er stappfulle av syklar som skulle ha vore på plass i norske sportsbutikkar for lenge sidan, skriv NRK.

Mengder av varer står fast

Minst 80 containerar på skipet skal til Noreg. I tillegg til svært mange syklar, er hundrevis av boblebad, bildekk, vinskap og ris containerfast i Suezkanalen.

Det er framleis uvisst når containerskipet Ever Given kan forlata Suez-kanalen.

Reiarlaget, forsikringsselskapet og Egyptiske myndar er ikkje samd om korleis skuld og kostnader skal fordelast.

Suezkanalen går mellom Port Said ved Middelhavet i nord og Suez ved Raudehavet i sør. Foto: Store norske leksikon, CC BY SA 3.0-lisens