– Målet med #grønnsuperdag er å løfta fram barn og unge sitt engasjement. Me vil synleggjera kor viktige dei er og alt det gode arbeidet som skjer i barnehagen og i skulen, seier prosjektleiar og rådgivar i Grønt Flagg, Linda Cecilie Dale.
Førstkommande fredag arrangerer dei derfor #grønnsuperdag, der engasjementet og innsatsen skal feirast. Dagen skal inspirera alle barn, lærarar, foreldre og nærmiljø til å ta betre vare på naturen.
–Me håpar dagen blir positiv og at den fører til at borna inspirerer både vaksne og barn i nærmiljøet sitt, seier ho.
Første #grønnsuperdag
Dersom du ikkje har høyrt om #grønnsuperdag før, er ikkje det så rart. Dette er nemleg det første året dagen blir arrangert.
– Mange har ein eller anna markering for klima og miljøengasjementet sitt i løpet av eit år. Men me tenkte at viss me vel oss ut ein fast dag, og gjer den til ein positiv dag der handlingane til barn blir løfta opp og tatt på alvor, så er det veldig fint, seier Dale.
Ho fortel at dei hadde lyst å knyta dagen opp mot verdas miljødag, 5. juni. Påmelding til markeringa er opent for alle barn, og det er gratis å vera med.
På nettsidene til Grønt Flagg, er det fleire idèbankar der elevar og lærarar kan finna inspirasjon til korleis nettopp dei vil markera dagen.
– Handlingar fører til endringar
– Alle som har lyst til å motivera og inspirere andre til å ta vare på naturen kvar einaste dag, kan melda seg på.
Ein kan melda på hele skulen og barnehagen, men også berre sin klasse dersom ein vil det. Dale anbefaler elevar som vil bli med om å gi beskjed til læraren sin som kan ta ansvar for påmeldinga.
Nærare 500 skular og barnehagar har allereie sagt at dei vil vera med, men det er mogleg å melda seg på heilt fram til torsdag 3. juni på kvelden.
– Mange barn føler at dei ikkje blir tatt på alvor, og nokre har ytra at dei blir mobba av vaksne for miljøengasjementet sitt. Me vil røske tak i ting, og vise at barn og unge er ein viktig ressurs. Handlingar fører til endringar, seier Dale.