Feirar 17. mai i Spania: – Det er betre å feira 17. mai i Noreg

Har du lurt på korleis det er å feira nasjonaldagen til Noreg i eit anna land? Desse elevane har gjort nettopp det – på forskot.

Live og Jenny frå 4. trinn og Emma 3. trinn stod også for deler av underholdninga.

– Me har ete frukost på skulen, fått masse godteri og russekort frå russen.

Det seier Jenny Vetrhus, Live Guttormsen, Fredrik Nilsen og Noah Tho, som er elevar i 4. klasse ved den Norske Skole i Gran Canaria.

Når Framtida Junior snakkar med dei fredagen før 17. mai, har dei allereie feira nasjonaldagen. Dei har nemleg juksa litt, og feira tre dagar før me gjer her i Noreg.

Dagen har vore full av artige aktivitetar og underholdning.

– Det var underholdning på scena, og alle elevane på skulen var med på feiringa. Russen kom og spruta på oss, seier dei og ler.

Sjølv om dagen har vore fylt av underholdning, is, pølser og brus, er det likevel ikkje heilt det same å feira nasjonaldagen i eit anna land.

Elevane fekk russekort frå russen på Gran Canaria, det var stor stas.

Betre å feira i Noreg

– Det er betre å feira 17. mai i Noreg enn i Gran Canaria. Det er ein mykje større festdag i Noreg enn her. Mange me kjenner er jo i Noreg, og me er jo her, så det er litt rart, seier Jenny.

Elevane fortel at det er mykje som er annleis ved å feira i utlandet, og at dei kjenner på litt ekstra stoltheit av å vera norsk når dei er i utlandet på nasjonaldagen. Dei kjenner også på at dei saknar heimlandet sitt litt ekstra.

– Eg saknar det å vera med familien min. Me pleier å få mykje besøk på 17. mai og feira med pølser og kake, seier Jenny.

Fleire nemner også at feiringa i år er annleis enn normalt. For som her i Noreg, er det også strengare reglar for kva som er lov i årets 17. mai-feiring i Spania.

Det var god stemning under feiringa – sjølv om den gjekk føre seg tre dagar før den faktiske nasjonaldagen til Noreg.

Den store is-dagen

– Det var betre i fjor, for då fekk me lov å gå i tog. Og så fekk foreldra våre bli med på feiringa, seier dei.

Men sjølv om noko er ulikt og elevane saknar noko frå 17. mai-feiringa i Noreg, er det ein ting som er likt. Det er lov å eta så mange is ein vil!

Elevane har fleire favorittar, men anbefalar mellom anna Magnum og Båtis.

– Kor mange is er det eigentleg greit å eta på 17. mai? 

– Så mange ein vil, seier Live.

– Meir enn me orkar!

– Ein 17. mai åt eg så mange is at eg vart kvalm, seier Jenny og ler.