Fire astronautar landa trygt i vatnet etter romferd

Etter seks lange månader på den internasjonale romstasjonen, returnerte SpaceX sine fire astronautar trygt til jorda – med eit historisk plask midt i Atlanterhavet.

NASA-astronautane Shannon Walker, Victor Glover og Michael Hopkins har saman med Japan Aerospace Exploration Agency-astronaut Soichi Noguchi vore på den internasjonale romstasjonen sidan november 2020, skriv cbc.ca.

2. mai landa dei i Mexicogolfen like før klokka 03.00 på natta. Flytida frå den internasjonale romstasjonen til Jorda tok berre 6,5 time.

Berre ein gong tidlegare har det vore ei tilsvarande landing midt på natta. Det skjedde i 1968, då Apollo 8 returnerte til Jorda.

Eit nattkamera fekk tatt eit bilde av fallskjermen til SpaceX då den landa i Mexicogulfen. Foto: NASA TV

Henta astronautane frå havet

Infraraude kamera følgde kapselen til astronautane då han kom inn i atmosfæren til Jorda. Den såg ut som ei lys stjerne som strakk seg gjennom nattehimmelen.

Innan ein halv time etter landing i Mexicogolfen, vart kapslen – som likna ein gigantisk marshmallow etter å ha blitt herja med då den braut gjennom atmosfæra til Jorda – heisa på eit skip.

Michael Hopkins var den første astronauten som kom ut av kapselen. Han dansa ein liten dans for å feira at ferda gjekk fint. Like etter fekk astronautane ein medisinsk sjekk og hoppa deretter på eit helikopter som tok dei inn til land.