Marielle Rodrigues frå Øygarden bestemte seg for å skrive ei skuleoppgåve om korleis gutar snakkar til jenter. Ho skreiv om sine erfaringar med både yngre og eldre gutar som brukar skjellsord om jenter.
– Alle kommentarane på kropp og utsjånad er med på å halde oss jenter under sosial kontroll. Det går utover korleis jenter føler om sin eigen kropp, skriv ho.
Framtida Junior har snakka med Marielle om kvifor det er viktig for ho å skrive om dette.
– Eg valte å skrive om gutar som rakkar ned på jenter. Om gutar som kallar jenter stygge ting, og som skjuler seg bak at det er «humor», fortel Marielle.
Ho er oppteken av at gutar som seier slikt må forstå at desse orda kan få store konsekvensar for jentene.
– Slikt kan henge ved oss jenter inn i vaksenlivet, seier ho.
– Det er noko som sårar oss, og som vi brukar mykje krefter på å tenkje på.
Både Marielle og andre jenter ho har snakka med opplever at skjellsorda frå gutane er så hyppige at dei blir «vane med det».
– Det er liksom normalt at det er slik. Men slik skal det jo ikkje vera!
Blei kalla «jævla hore»
Sjølv fekk ho skjellsord slengt etter seg då ho hadde på seg ei kort t-skjorte.
– Det var veldig ubehageleg. Eg kjende meg redd og usikker på meg sjølv. Det gjorde at eg blei usikker på kva klede eg kan ha på meg, fortel Marielle.
Ho har også lagt merke til at enkelte gutar gjerne spreier rykte dersom ei jente seier nei til spørsmål om å bli kjærestar.
– Eg har høyrt om fleire jenter som har fått rykte spreidd etter ei slik hending. Rykte om at jenta er ei hore. Desse gutane brukar også andre ord. Som lesbe, tøs eller fitte, fortel ho.
Gutane prøver å vera kule
Då ho sat seg ned for å skrive om dette i skuleoppgåva var det i eit håp om at dei som les tankjer seg om.
– Dei som gjer dette må tenkje på kva konsekvenser orda dei brukar det kan ha. Tenk over korleis du hadde følt deg viss nokon hadde sagt slikt til deg, seier ho.
Ho trur heller ikkje at alle som brukar skjellsord hadde gjort det utan eit visst press frå andre.
– Det er mange gutar som føler seg mykje større, mektigare og smartare enn jentene. Spesielt når dei er i ein gjeng prøver gutane berre å passe inn. Då trur dei at dei må seie slike ting. Viss ikkje er dei ikkje kule nok, seier ho.