– Til sommaren skal me klemma

Overlege i Folkehelseinstituttet (FHI), Preben Aavitsland, kjem med ei god nyheit til alle dei som fryktar ein kjedeleg sommar der me får ha lite kontakt med vener og familie.

Kven er klar for ein bamseklem? Foto: Pixabay

Fint vêr, bading, turar, tid med vener og familie og kanskje ein god klem. Det er det kanskje ikkje mange som trur vil vera mogleg om nokre få månader.

Men derimot meiner FHI-overlege Preben Aavitsland at det kan bli ein fin sommar i år, skriv TV 2.

God nyheit

– Me kan få ein nokså normal sommar, seier han.

Han kjem også med enda ein god nyheit, til dei som saknar nærkontakt med vener og familie.

– Til sommaren skal me klemma!