Då tenesta vart sparka i gong for nesten eit og eit halvt år sidan, var det knapt nokon som våga å håpa på ei slik vekst, skriv tek.no.
Disney hadde rekna med at det kunne ta nærare fire år før dei nådde hundre millionar betalande kundar.
Raskare enn Netflix
Dette er eit heilt anna tempo enn Netflix brukte på å nå det same målet. Dei passerte 100 millionar abonnentar i 2017, og då hadde dei drive straumetenesta i ei eller anna form sidan 2007.
Dei brukte altså ti år. Likevel er det viktig å ta med i rekninga av det var annleis å driva med straumetenester for ti år sidan, enn det er i dag.