Neste veke skal byrådet i Bergen vedta at ingen nye gater, plassar eller kommunale anlegg i Bergen skal få mannlege namn. Dette blir gjort for å gjera noko med det låge talet på kvinnelege gatenamn i byen, skriv Bergens Tidende.
– Dette er kjempeviktig, fordi det er ein veldig stor ubalanse mellom kvinnelege og mannlege gatenamn i dag. 90 prosent av gatene i Bergen er kalla opp etter menn, 10 prosent etter kvinner, seier byård Kathrine Nødtvedt for kultur, mangfold og likestilling.
– Jenter og gutar skal ha dei same draumane
På eit av dei nye område i Bergen, Dokken, vil det bli heilt naturleg å bruka kvinnenamn.
– For at jenter og gutar skal kunna ha dei same draumane og føla at dei kan få til det same, er dette viktig, seier ho.