Braut Haaland er ikkje berre ein ettertrakta spelar for dei store fotballklubbane i verda. Han er også ettertrakta blant dei som samlar på fotballkort, skriv Dagbladet.
På Ebay, som er ein auksjonsnettstad, har 44 forskjellige Braut Haaland-fotballkort blitt solgt for over 40.000 norske kroner i 2021.
Dei fire dyraste korta, er solgt for 341.000, 197.000, 153.000 og 140.000 kroner. Ikkje noko lommerusk, med andre ord!
Auke i interesse
Morten Vanebro Jensen styrer «Fotballkort-Norge» og har merka ei auke når det gjeld interessa for fotballkort.
– Graderte Haaland-kort er sjeldne. Den siste tida har dei hatt ei stor auke i pris, seier han til Dagbladet.
Korta som blir selde, er for det meste gradert av autoriserte selskap. Gradering betyr at ein privatperson sender inn eit kort for ein sjekk av kvaliteten på det.
Korta kjem tilbake med ein karakter mellom 1 til 10, der 10 er det høgaste, og karakterane blir gitt etter kor plettfrie korta er.
– Når det gjelder sjeldne kort, vil ei gradering føra til best mogleg verdi og best mogleg pris, dersom du vel å selja kortet, seier Jansen.