– Me er svært engsteleg for dei elevane som gjekk i 4. trinn førre skuleår, seier Jan Kjensli, som er utviklingskonsulent i Noregs Symjeforbund til Utdanningsnytt.
Elevane som gjekk i 4. klasse gjekk glipp av symjeopplæring då skulane stengde den 12. mars. Ein rapport frå Oslo viser at berre 20 prosent av skulane tilbyr symjeopplæring for 5.–7. trinn.
– Det vil seia at elevane som ikkje har lært å symja ved utgongen av 4. trinn har små moglegheiter for å oppnå dette, med mindre dei har foreldre som kan læra dei eller at dei kan delta i symjeopplæring på fritida, seier han.
Skulen har ansvaret
Kjensli meiner at skulane må leggja til rette for at elevar som gjekk glipp av symjeopplæringa i fjor, får tatt det att.
– Opplæring i feriar eller på fritida gjer at ikkje alle som har behov for ekstra opplæring, får tilbod om det. Det er viktig at skulen har ein god plan for korleis dei skal gi elevane den opplæringa dei har krav på, seier han.