Skal læra heile Noreg å symja

Norske symjeferdigheiter er på sisteplass i Norden. Det har Noregs symjeforbund, Redningsselskapet og NRK tenk å gjera noko med.

«Hele Norge Svømmer»
  • Samarbeidsprosjekt mellom NRK, Norges Svømmeforbund og Redningsselskapet.
  • Les meir om prosjektet på helenorgesvømmer.no
LES FAKTALUKK FAKTA

NRK, Norges symjeforbund og Redningsselskapet har starta prosjektet «Hele Norge Svømmer», der målet er at heile Noreg skal bli trygge i vatn og læra seg å symja før sommarferien.

– Det er fælt med alle sakene som handlar om nokon som har drukna. Det er så mange liv som aldri blir det same att, og så mykje trist som er knytt til dette, at det er vanskeleg å ta innover seg. Det følest så viktig å få lov å setja fokus på noko som er så livsviktig som det å få deg og med og alle rundt oss til å bli tryggare i vatnet, seier Ida Nysæter Rasch frå NRK Sport i ei pressemelding.

Flyting i tre minuttar

Saman med Christopher Robin «Chris» Omdahl fra FlippKlipp og Salamatu «Sally» Kamara frå Supernytt inviterer ho til to direktesendingar frå Frognerbadet i Oslo laurdag 5. juni.

Der blir fokuset badeglede og flyting.

Det blir mellom anna arrangert samtidig flyting i tre minuttar frå kl. 13.37.

Bamselegen og Gilbert skal læra dei minste barna å bli trygge i vantet.
FOTO: KLIPP OG LIM/NRK

Kastar lys over eit viktig problem

– Eg gler meg masse, og det er eit veldig viktig problem me forsøker å kasta lys over. Eg håpar at me kan visa at ein kan finna tryggleik og glede i vatnet uansett kva teknisk nivå ein ligg på, seier Chris.

Utover dette kjem det mellom anna også ein miniserie frå «Newton», ein heil familie skal læra seg å symja i «Hele slekta svømmer» og «Bamselegen» har laga ein spesialepisode om vatnskrekk.

Les meir om heile arrangementet her.