Prisen gjer Blu Ivy Carter til den nest yngste personen som har vunne ein Grammy. Songen «Brown Skin Girl» vart først utgitt på plata «The Lion King: The Gift» som er Beyoncé sitt alternative soundtrack til «Løvenes Konge»-filmen frå 2019.
Grammy Award er ei amerikansk utmerking som har vorte delt ut av Recording Academy sidan 1959 for ypperlege prestasjonar innan musikk. Prisutdelinga blir arrangert kvart år i februar månad.
Leah Peasall hadde rekorden som den yngste vinnaren fram til i år. Ho var åtte år då The Peasall Sisters vann årets album i 2002, ifølgje nyheitsbyrået AP.