Ane Baade Hasund (9 år) spelar på Gurskøy IL sitt jentelag, og fortel til Framtida junior at ho spelar fotball fordi det er morosamt og fordi alle veninnene gjer det same.
– Vi støttar kvarandre, og har det kjekt saman på bana, seier Ane.
Mykje meir enn fotball
I tillegg til fotballspeling skjer det mykje sosialt utanfor bana også.
– Vi er på joggeturar i ei lysløype som ligg i nærleiken. Og i går var vi på badeland.
Ane fortel vidare at J11 har spelt inn lagsong i studio, og førre helg hadde dei overnatting på klubbhuset.
Ein kan jo undre seg om dei få som ikkje spelar fotball kjenner seg utelatt, men Ane veit at mange av dei som ikkje spelar fotball har andre ting å velje mellom.
– Nokre rir på hest, det gjer eg også, og i tillegg har vi skulekorps, symjing på badeland, speidar og barnekor. Det har også vore ei dansegruppe tidlegare.
Og no når vinteren kanskje gjer marka kvit er det fine mogeleg for andre aktivitetar, fortel Ane.
– Då er det berre å ta på seg skia i lysløypa, så det er alltid noko å finne på.
Eit godt tal
André Paulsen, rådgivar i seksjonen for Barn og ungdom i Norsk FotballForbund, NFF, fortel at å auke jentedeltakinga er eit satsningsområde for NFF, og synest Gurskøy IL viser til eit sterkt, og flott tal med sine 90%.
Men det er likevel ein veg å gå før jentene i heile Noreg blir like aktive som på Gurskøy IL.
Talet på medlemmar i NFF som er under 19 år
Registrert januar 2017
- Jenter: 87 877
- Gutar: 185 956
Ein ser at det er litt over 100 000 fleire gutar som er medlemmar i NFF i aldersgruppa 0-19 år, enn jenter.
Tala frå førre registrering viser at jentene har gått litt opp. Då var det registrert 87665 jenter, og 187451 gutar i same aldersgruppe.
Talet på aktive medlemmar blir rapportert inn ein gong i året, så desse tala kan ha små endringar i løpet av året.
Who run the world? Girls! – Iallfall jentene på Gurskøy IL.