For om lag 640 millionar år sidan opplevde jordkloden ei av dei verste istidene nokon gong. Jorda var dekt av is nesten overalt og såg ut som ei kvit kule. Det var før det fanst dyr og plantar slik vi kjenner dei.
No har forskarar funne eit fossil av ein sopp som ser ut til å ha levd på land allereie for 635 millionar år sidan, skriv Ung.Forskning.no. Dei trur at ursoppen kan ha hjelpt livet på jorda på veg etter istida.
Viktige næringsstoff
Sopp av ulike slag er nemleg skikkeleg gode til å bryta ned både stein og restar av liv.
Sopp dannar trådar som veks som eit nettverk inn i det han veks i. På sin veg frigjer soppen næringsstoff, mellom anna mineralet fosfor – ein byggestein som alt liv treng.