SpaceX, som er romselskapet til grunnleggjaren av Tesla, Elon Musk, skal senda opp fire privatpersonar på ei romferd seinare i år. Planen er at dei skal køyra rundt jorda.
No har ein rik forretningsmann bestemt seg for å gi vekk tre gratisbillettar som gir moglegheit til å bli med, skriv e24.no.
Reise på opp mot fem døgn
– Dette gir tilgang for folk flest som drøymer om å få reise ut i verdsrommet, skriv SpaceX på Twitter.
Ferda skal gå føre seg i slutten av året og skal vara opp mot fem døgn. Dei fire som det er plass til, skal få trening før dei reiser, skriv romselskapet.
Her kan du lesa detaljar om kriteriane for ein plass til verdsrommet.