Everton har ønskt King velkommen til sin nye klubb på Twitter. Nordmannen har vore i Bournemouth, men no har altså valet falle på Everton.
VG skriv at Everton-manager Carlo Ancelotti var ein sentral grunn til at King valgte nettopp Everton.
Nordmannen har vist at han held eit godt nivå i Premier League, då han på 161 kampar har scora 48 mål.
Welcome to #EFC, Joshua King! ✍️? pic.twitter.com/LvSTScOsJa
— Everton (@Everton) February 2, 2021
Deadline day
Deadline day er ein av dei mest spennande dagane i året for ein som likar fotball. Det er den siste dagen i overgangsvindauga, perioden der klubbane har lov å henta nye spelarar.
Utanfor dette vindauga kan klubbane inngå avtalar om overgangar, men spelaren kan ikkje klargjerast for ein ny klubb.