Kina har lenge vore berykta for illeluktande og uhygieniske toalett, skriv den amerikanske nyhendekanalen CNN på sine nettsider. Dette vil presidenten no gjera noko med.
«Herr toalett»
CNN har vore i kontakt med grunnleggaren av Verdas toalettorganisasjon (WTO), Jack Sim, som seier at toalettsituasjonen i Kina kan øydelegge for turismen i landet.
– Kina er eit vakkert land med nydelege naturlandskap, kultur og ein lang historie, men dei forferdelege toaletta skremmer utenlandske gjester, seier Sim, som også mange kjenner som «Herr toalett».