Ingrediensar:
- 2 dl sirup
- 300 g smør
- 4 dl sukker
- 2 dl fløyte
- 1 ts ingefær
- 1 ts pepar (strøken skei)
- 4 ts kanel
- 2 ts bakepulver
- 900 gram kveitemjøl
Du treng:
Pepperkakeformer.
Pynt
Slik gjer du det:
- Bland smør, sirup og sukker i ei panne. Varm opp på middels varme til alt er heilt smelta. Ta panna av plata og kjøl blandinga litt ned.
- Rør i fløyte.
- Sikt i krydder, bakepulver og mjøl. Spe i meir mjøl til du får ein passe fast deig.
- La gjerne peparkakedeigen stå kaldt til neste dag. Du kan også la deigen stå i kjøleskapet 3-4 timar før du stikk ut kakene.
- Sett steikeovnen på 175 °C.
- Elt deigen i litt mjøl på bordet og kjevle ut. Stikk ut ulike figurar og steik dei i 9-10 minutt til dei er gylne.
- Avkjøl kakene på ei rist.
TIPS: Viss du skal henge opp peparkakene er det viktig at du lagar eit hol til bandet før steiking.
På framtidajunior.no eller YouTube kan du søkje på «Elea sitt kjøkken» for å få meir inspirasjon til rettar du kan lage.