No er finalistane til Bokslukerprisen klar

Over 120.000 elevar i Noreg har kome fram til fem superfinalistar til Bokslukerprisen. Elevane, som går i 5.–7. klasse, har gjennom hausten diskutert og stemt fram sine favorittar.

Fakta: Bokskukerprisen

Bokslukarprisen delast ut i Oslo i forbindelse med Verdas bokdag den 23. april 2021.

 

No skal femten juryklassar frå ulike delar av Noreg i gang med å lesa bøker og deretter stemma fram ei vinnarbok.

 

Dette er klassane som er valgt ut som jury for å kåra vinnaren:

  • 5. trinn ved Koppang skole (Innlandet)
  • 5F ved Træleborg skole (Vestfold og Telemark)
  • 5C ved Kastellet skole (Oslo)
  • 5. trinn ved Saga skole (Troms og Finnmark)
  • 5.-7. trinn ved Onøy-Lurøy skole (Nordland)
  • 6. trinn ved Tu skule (Rogaland)
  • 6. trinn ved Bratteberg skule (Møre og Romsdal)
  • 6. trinn ved Kråkstad skole (Viken)
  • 6B ved Vestli skole (Oslo)
  • 6B ved Bjørndalsskogen skole (Vestland)
  • 7. trinn ved Hornindal skule (Møre og Romsdal)
  • 7. trinn ved Laudal skole (Agder)
  • 7B ved Fagerli skole (Vestfold og Telemark)
  • 7B ved Høknes barneskole (Trøndelag)
  • 7A ved Grødem skole (Rogaland)
LES FAKTALUKK FAKTA

– Med Bokslukerprisen ønskjer me å skapa engasjement for lesing, samtalar om litteratur og gi kjennskap til nye bøker. Det har vore både moro og rørande å sjå den rekordstore aktiviteten denne hausten, seier prosjektansvarleg Troels Posselt i ei pressemelding.

– Mykje spenning og fin variasjon

Han er imponert over det store engasjementet som lærarar, elevar og bibliotekarar har vist, men også nøgd med superfinalistane som er stemt fram. Spesielt tykkjer han det er gledeleg at det er to nynorske bøker på lista.

– Det er blitt ei god liste med mykje spenning og fin variasjon, seier han.

Dette er bøkene som er valgt ut til superfinalistar:

  • Kodeord Overlord av Tor Arve Røssland, Vigmostad og Bjørke 2019
  • Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius av Alfred Fidjestøl, Samlaget 2019
  • Magnus Carlsen og sjakkmorderen av Aleksander Kirkwood Brown og John S. Jamtli, Cappelen Damm 2020
  • Blå flaggermus av Harald Nortun, Samlaget 2019
  • Harpa av A. Audhild Solberg, Aschehoug 2019

Motivasjonen for å lesa har auka

Det blei stor jubel i klasse 6B ved Bjørndalsskogen skole i Bergen då dei blei valt ut som ein av juryklassane.

Læaren deira, Christian D. Larsen, fortel at Bokslukerprisen har skapt stor leselyst hjå elevane.

– Me gler oss til å koma i gong med meir lesing, og tek oppdraget med å vera med på å kåra ein vinnar av Bokslukarprisen på største alvor, seier han.