Muninbuzz.no har snakka med Viggo Vestel om er sosiolog. Han har forska på forskjellar mellom generasjonane. Besteforeldre, foreldre og barn er eksempel på tre vanlege generasjonar. Ein generasjon er menneske som er fødde nokolunde samtidig.
– Kontakten mellom foreldre og unge er svært annleis i dag enn for nokre tiår sidan, seier han.
Ungdata, som har laga undersøkinga, har ingen tal på kor nøgde dei unge var på 1960- og 1980-talet, men Viggo Vestel veit mykje om korleis forholda var.
Den gongen snakka unge og vaksne svært lite med kvarandre.
– No er det meir gjensidig kunnskap. Det er enklare å få innblikk i korleis verda ser ut for den andre, på godt og vondt, seier han.
Undersøkinga viser også at 92 prosent opplever at foreldra er svært interesserte i liva deira.