Klassen har som felles mål å bli best i Agder, men aller helst også best på 6. trinn i heile Noreg. Akkurat no ligg dei på 8. plass, men det kan raskt endre seg.
Leah Oline Storhei (11):
Korleis har konkurransen vore så langt?
– Det er gøy! Eg får lese veldig mykje. Eg likar å sjå for meg det som skjer i bøkene.
Kva er favorittboka di så langt?
– Eg har ei favorittbok. Den heiter Dustedagboka. Det er ein serie, og eg har lese tre av bøkene. Det er mykje drama. Eg likar også Harry Potter-lydbøkene. Eg elskar fantasy!
Kor mange bøker har du lese?
– Eg har lese og lytta til 15 bøker. Eg høyrer ofte på lydbok når eg er hos hønene på garden vår.
Kva er ditt tips for å lese meir?
– Det hjelper å lese i senga før du skal leggje deg. Å ha det som ein rutine er lurt.
Emil Olai Pettersen (11):
Korleis har konkurransen vore så langt?
– Det har gått fint! Det er kjekt å få godkjent bøker. Konkurranse-delen er viktig. Det er gøy å følge med på.
Kva er favorittboka di så langt?
– Eg har to Tom Gates og En pingles dagbok. Eg har ikkje lese alle av Tom Gates, men alle Pingledagbøkene – bortsett frå ei. Men den skal eg lese.
Kor mange bøker har du lese?
– 25 bøker.
Kva er ditt tips for å lese meir?
– Eg les ofte på senga. Finn bøker med tema du er interessert i.
Trur du barn les meir i koronatida?
– Ja, det trur eg. Det er mindre å gjere enn vanlegvis, så då kan vi lese meir.
Thea Hårtveit (11)
Korleis har konkurransen vore så langt?
– Det er gøy å lese bøker! Og det at det er ein konkurranse er ekstra gøy. Vi har ein sjanse til å vinne, men då må vi lese mange bøker.
Kva er favorittboka di så langt?
– Tom Gates. Eg har lese heile serien.
Kor mange bøker har du lese?
– Eg har lese 51 bøker. Eg har i grunn ikkje gjort noko anna enn å lese desse vekene. Når læraren godkjenner bøkene skriv ho av og til at eg må hugse på å gå ut også. Men eg gjer det. Eg høyrer på lydbøker medan eg teiknar, spelar fotball eller hoppar på trampolina.
Kva er ditt tips for å lese meir?
– Gjer noko du likar medan du lyttar til lydbøker.
Les du alltid så mykje?
– Eg les alltid mykje. Men eg har vinnerinstinkt også, så dette gjer at eg les endå meir. I fjor, på Norli Junior, starta interessa mi for å lese bøker. Før det las eg mest Donald-pocket.